Årets utgåve av Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag. 64 lag med spelarar, både jenter og gutar, i alderen 6 – 12 år, spela totalt 97 kampar. Ramma rundt Søyacupen var som vanleg bra, og når dei i tillegg fekk med seg vêrgudane på laget, så vart det ein vellykka cup med gode fotballminner for både spelarar og publikum.
Det var både kiosksal og sal av grillmat, og det var nok mange som nytta høvet til å ta laurdagsmiddagen på Søyabanen i dag. Nokre tok nok ettermiddagskaffen også, så er det nemnt!
Verdsmeistrane i fotballtriksing, Fagerli Brothers, (Brynjar og Erlend Fagerli), hadde to «trikseshow», der dei viste fram fotballballkunster i verdsklasse til eit imponert publikum. Her var det nok mange som både vart imponert, og ikkje minst som vart inspirert!
Det var stor innsats og speleglede, og spelarane såg ut til å kose seg. Mellom kampane vart det også tid til litt leik og anna moro, i alle fall for dei yngste spelarane.
Søyacupen har alltid vore kjent for å ha gode kampleiarar (dommarar), og årets utgåve var ikkje noko unntak i så måte. Så her har dei lagt ned eit godt arbeid gjennom fleire år, der dei har passa på å rekruttere nye dommarar kvart år.
Alle spelarane fekk sjølvsagt premie etter at dei hadde spela alle kampane sine, noko som for mange er høgdepunktet med cup!
Vi kan trygt konstatere at I.L. Søya kan notere nok ein vellykka Søyacup inn i minneboka si. Ein smilande og nøgd leiar i fotballgruppa, Leif Magne Andersen, kunne nøgd konstatere at også årets Søyacup blir ei god inntektskjelde til I.L. Søya. Han nytta også høvet til å takke alle dei frivillige for innsatsen og sponsorane for støtta. – Utan dei frivillige hadde det ikkje vore mogleg å arrangert ein slik cup, seier han. Han rekna med at mellom 1200 – 1500 personar hadde vore innom Søyacupen i løpet av dagen.