Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya tok i mot Grøa på Søyabanen i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. mai 2024

I kveld var Søya vertskap da Grøa kom på besøk til Søyabanen for å spele 6. divisjonskamp. Grøa har ikkje stilt eige seniorlag i fotballag på fleire tiår, men i dag kunne det «gjenoppståtte» lageg altså ta turen til Søyabanen for å spele seriekamp mot vertane. Vêret var stålande, ja, kanskje i overkant strålande for dei som skulle kjempe om ballen og poenga ute på den grøne og fine grasmatta på Søyabanen? 

Men det var fint å vere publikum i det fine vêret da, og så kunne ein gå å kjøpe seg «forfriskningar» i kiosken, om ein fekk lyst på noko å kose seg med under kampen! 

Nok eit frispark til Søya i første omgang. Foto: Elinor Bolme

Det var bortelaget som kom best i gang i kampen og hadde eit lite spelemissig overtak første halvdel av første omgang. Etter dette jamna kampen seg litt ut, og i det 30. minutt tok heimelaget leiinga etter eit godt slått frispark av Håkon Bredesen, som Anders T. Røen Heada i mål. I det 41. minutt utlikna Grøa på eit skot frå spissen av 16-meteren. Laga gjekk til ein velfortent kvil på stillinga 1 – 1. 

Også robotkløpparane tenkte å nytte finvêret til å slå ein runde. Keeperen hjalp dei høfleg tilbake igjen! Foto: Elinor Bolme

Rett etter sidebyte, nærare bestemt i det 48. minutt tok bortelaget leiinga etter litt rot i dei bakre rekkene hos heimelaget. I det 57. minutt blir det litt amper stemning på eit frispark heimelaget får tildelt, noko som ender med raudt kort til heimelaget sin spelar Torgeir Kvendset og gult til ein spelar frå bortelaget. Andre omgang var ganske jamspelt, men altså med Grøa i føringa i målprotokollen største delen av omgangen. 

Straffe til Søya, som Anders T. Røen sette sikkert i mål. Det helt dessverre ikkje heilt inn med ein spelar itvist. Grøa skåra 2 på overtid, og vann kampen 4 – 2. Foto: Elinor Bolme

I det 85. minutt får heimelaget straffe, ein straffe Anders T. Røen sett sikkert i mål til 2 – 2, og Anders sitt andre mål for dagen. Men med to Grøa mål i overtida, i det 91. og 96. minutt, endte det med 2 – 4 siger til bortelaget, og alle poenga vart med over fjorden og heimatt til Grøa. 

 

 

Publisert: 23. mai 2024, 20:59