Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G9/10 – Grøa G9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. september 2020

Onsdag kveld spela Søya/Todalen sitt G9/10 lag sesongens siste fotballkamp. På motsatt banehalvdel var det Grøa G9/10 som hadde teke oppstilling. Kampen vart spela på Søyabanen i bra haustvêr. 

Første omgang starta med eit spelemessig overtak til bortelaget som og tok leiinga. Heimelaget vart i første halvdel av omgangen hengande etter i duellane, noko bortelaget utnytta fullt ut. I siste halvdel av omgangen vakna heimelaget skikkeleg og greidde å tilrive seg meir av banespelet. Då dommar Espen Andersen bles av til pause var det jamt i målprotokollen.  

I andre omgang var heimelaget med frå første spark på ballen. Dei kjempa i kvar duell og fekk samspelet til å fungere skikkeleg bra, og mange fine angrep vart avslutta med scoringar i denne perioden. Mot slutten av omgangen kom bortelaget meir med, men eit godt heimelagsforsvar rydda stort sett unna. Men eit par gonger måtte dei likevel gje tapt og bortelaget kunne score eit par mål. Då dommaren bles av kompen hadde heimelaget vunne ein fortent seier. 

Det vart ein skikkeleg god og underhaldande fotballkamp med mykje godt spel frå båe lag. Heimelaget bruka litt tid på å kome i gang, men når dei først gjorde det så varta dei opp med mykje godt spel. For heimelaget sin del var dette utan tvil årsbeste spelemessig. 

Søya/Todalen med eitt av mange angrep i kampen. Foto: B G Ansnes

Trenarane Ivar Vikan og Ola Dalsegg var særs nøgd med laget sine prestasjonar dei siste 3/4 av kampen. Trenarane er og godt nøgd med utviklinga til spelarane på laget gjennom sesongen. Det har vore progresjon gjennom heile sesongen og dei fungerer no godt som eit lag både med tanke på innsats og samspel. Sesongen har på grunn av Koronasituasjonen vore kort og hektisk. Med ein «normal» sesong ville laget ha utvikla seg endå meir. Så her har trenarane noko å bygge vidare på til neste sesong. 

No blir det ein fortent pause i kampar og trening. Den 16.oktober skal laget ha sesongavslutning på Rush i Trondheim med trampolinehopping og pizza. Treningane vil kome i gang att ut på nyåret, for å trene til ein ny sesong. Så får ein håpe at Koronasituasjonen tillet ein meir normalisert sesong til neste år.

Søya/Todalen sine målscorarar: Trygve Aleksander Halle 7, Magnar Vikan 2, Erlend S. Polden 2 og Ailo K. Røen 1. 

Bakre rekke f.v. Olav Gjeldnes, Trygve A. Halle, Ådne S. Gjeldnes, Sindre K. Moen og Anders D. Bruset. Første rekke f.v. Jens S. Ansnes, Ailo K. Røen, Magnar Vikan og Erlend S. Polden. Frammom Marius Kvande. Foto: Per P. Gjeldnes

Då er ein kort og hektisk sesong over for Søya/Todalen G9/10. 

Takk for kampen og sesongen! Foto: B G Ansnes

Først publisert: 30. september 2020, 19:54 - Sist oppdatert: 1. oktober 2020, 06:30