Det er mange sesongar sidan sist Søya stilte med eige seniorlag (utan skråstrek) i fotball. Men i år er det påmeldt eit senior fotballag i 6.divisjon. Tysdag kveld var gjengen samla for å skrive kontrakt og planlegge sesongen. Dei fleste av spelarane på årets Søya-lag er rutinerte karar med, ei allereie, lang karriere, attom seg.
Det er Torgeir Kvendset som har vore primus motor for å få til dette.
Sesongen startar torsdag kveld, med bortekamp mot Frei på Omsund stadion. Første heimekamp blir torsdag 26.august klokka 19:00 på Søyabanen, når Batnfjord kjem på besøk.
Du kan følge Søya på: «Søya på Facebook»