Måndag starta skyttarlaget med skyteprøve for storviltjegrar og bur seg til hausten og storviltjakta. Jegrar som jaktar storvilt med rifle, må ta ein årleg skyteprøve, og du må ta ein skyteprøve for kvart våpen/rifleløp du skal bruke. Du må som storviltjeger ha med det dokumentasjon for bestått jegerprøve når du går på jakt.

På standplassen frå venstre Svein Håvard Brøndbo, Lars Olav Moe, Hans Torslett, Håkon Solbakk og Ronny Edvardsen. Foto Jon Olav Ørsal
I Søya og Todalen skytterlag blir det i fortsettinga skyteprøvar kvar måndag i juli og august, med start kl 18 og skyting til kl 20. Skyteprøven er todelt, med 30 obligatoriske prøveskot som må takast over to kveld. Deretter er det skyteprove mot dyrefigur, med 5 skot og 5 treff innafor sirkelen som er på 30 cm i diameter.

Skyteprøven går mot dyrefiguren med ein 30 cm stor sirkel – alle 5 skotta må ha treff innafor sirkelen. Foto Jon Olav Ørsal
Allereie første kvelden var det mange som nytta høvet til å kome i gang med prøveskota, og det var god stemning på standplassen. På dei første seriane var det nok mang som opplevde av det var behov for å justere både høgde og til sides med nokre knepp, før blinken var i sikte.