Denne gongen har historielaget funne fram eit gammelt bilde med tre av søstrene Ansnes frå Øya. Bildet er mest sansynleg teke etter at eldstemann Gudmund døyde i 1919, og før yngstebror Gunnar kom til verda i 1921.
Frå venstre ser vi Lisbet, født i 1915, som vart gift med Olav T.Halle frå Austistua, Randi (1912-1997)og Brit (1910-2008). Brit vart gift med Kristen J.Ørsal frå Utigard på Ørsal.
Til slutt kom Valborg (1927-2002), som gifta seg med Bjarne Marhom i Eidså på Sunnmøre. Gunnar gifta seg som kjent med Maria og tok over heimgarden Øya i 1950. Han døyde i 2007.