Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sosialt og triveleg kaffeslaberas i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Sundag 9. februar 2025

Kom og feir sola og mora stod det i invitasjonen til kaffeslaberaset i skulstua – eller gammelskulen om du heller vil.  Her kunne du iallfall henge deg på med feiring av morsdagen, og jammen kika da sola fram ei lita stund også.  Og folk strømma på og til tider var det «fullt hus» med kaffegjestar – både store og små.

Vertskap på kaffeslaberaset – frå venstre Line Marie Kvendset, Ragna Kvendset og Siri Skjerve. Dei hadde litt av kvart å by på til kaffen! Foto Jon Olav Ørsal

Det såg da ut til at gjestane kosa seg – både med kaffekoppen og mykje godt til kaffen – og praten gjekk lett og lystig, enten du trefte naboen eller du trefte meir langvegsfarande som kom til og med frå Surnadal. 

Og jammen kika da sola fram også – he er Skulstuå «bada i sol». Foto Jon Olav Ørsal

Eit lite bildegalleri frå kaffeslaberaset i Skulstuå – Foto Jon Olav Ørsal og Line Marie Kvendset

Publisert: 9. februar 2025, 17:00