Strikkekaffe i nyoppussa lokaler i Sanitetshuset i dag. Todalen sanitetsforening arrangerer strikkekaffe rundt rekna ein gong kvar månad – litt for å kome vidare med handarbeidet, men kanskje mest for den sosiale biten? Medlemane i Todalen sanitetsforening har eit godt samlingspunkt i Sanitetshuset – her treffer du likesinna, og du treng ikkje være medlem, og du treng slett ikkje ha med deg handarbeid!

Dagens vertskap var Helen Saksen og May-Elisabeth Holten som stilte med nylaga eplekake, is og krem. Foto Jon Olav Ørsal
I innbydinga står det med eller utan handarbeid – du er like velkomen. I dag var det strikkekaffe med «fullt lag» og da vart det akkurat fullt rundt bordet, og til og med «vår utsendte» fekk plass og vart med på kaffelag – med varm eplekake med tilhøyrande is og fløytekrem som tilbehør. Det var faktisk både godt og triveleg, og etterpå var det som vanleg lotteri – litt spenning må det være på eit slik arrangement. Mottoet må være å kjøpe lodd og bli ein vinnar! Det er fint at vi kan ha slike arrangement og at vi kan ta oss tid til å ta vare på kvarandre.

Det eer vitenskapeleg bevist at det er sunnt å kose seg – Jenny (103) passa på at det vart stort nok kakestykke. Vidare rundt bordet er Synnøve Talgø, Arndis Søyset, Kari Kvendset og vår utsendte Foto May-Elisabeth Holten