Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sosial strikkekafe

Sosial strikkekafe

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. februar 2012

Kvar 14. dag er det strikkekafe i Sanitetshuset. Det er Todalen Sanitetsforening som står attafor og er arrangør, og jobben med å vera vertskap og kaffekokar går på omgang mellom medlemane i foreninga. Kari Kvendset var vert denne dagen, og ho fortalte at sjølv om det heiter strikkekafe treng du sltt ikkje ha med strikketøy eller anna handarbeid for å kome. Det er det sosiale som er viktigast, og det å treffast til uformelt og triveleg samvær. Annakvar laurdag er det strikkekafe og du kan kome og gå når du vil mellom kl 14 og 17.

Da Todalen.no var innom var det 15-16 deltakarar som var i full gang med handarbeid av ymse slag. Og det såg ut for at både gammel og ung dei kosa seg i kvarandres selskap, og rundt borda var det både strikking, hekling og saum. Kaffekoppen var heller ikkje langt unna, for sjølvsagt må det vera ein kaffedråpe til. På trillevogna var det kaffekanne, nystekte bollar og vannbakels, så det var berre å forsyne seg sjølv.
Publisert: 25. februar 2012, 20:00