Etter at Toåa tursti vart etabler så har Todalen Idrettslag lagt St Hans-feiring til anlegget ved gapahuken i Båthølen som er eit flott og sosialt samlingspunkt. Litt duggregn og kald vind utover ettermiddagen begrensa nok omfanget av feiringa, men etter kvart stillna vinden og sola kom fram.
Trimgruppa i Todalen Idrettslag var på pletten og servert gratis kaffe til publikum, og dei sørga også for varme på grillen for dei som hadde med grillmat og kose seg med. St. Hans-bålet var imidlertid fråverande i år på grunn av forbudet om bålbrenning som gjeld heile fylket. – Vi er sjølvsagt loyale for slike påegg, seier Elinor Bolme som er leiar i Todalen I.L., som driftar Toåa tursti.