Laurdag var det fotballdag heile dagen i Ungdomshuset. Det skjedde i regi av Todalen idrettslag, som ønska å få til meir aktivitet i Ungdomshuset, samtidig som det er veldig sosialt å sjå fotball i lag. Da kan du kome og sjå favorittlaget ditt eller andre viktige kampar som du har lyst til å sjå. Laurdag var det premiere for opplegget med 3 engelske fotballkampar på programmet.
Første kamp starta kl 13:30 mellom Manchester City og Liverpool FC. Deretter vart hovudkampen vist – Everton FC mot Tottenham Hotspur med start kl 16:00, og dagen vart avslutta med Stoke City mot Manchester United med start kl 18:30.
På første kampen var det eit titals entusiastar som kom for å sjå, men da andre kampen vart vist var det berre 3 som hadde blikket på skjermen – vi saknar totalt Everton-tilhengarane, kommentert Michal Heimlund som saman med broren Willy og Ola Ansnes var benka framfor skjermen. Denne dagen var det Michal og Willy som var vertskap på kampen.
Vi håpar at fleire blir med etter kvart. Fotball på storskjerm er kanskje litt meir vinteraktivitet, og på ein slik finversdag er det kanskje ikkje å vente at ein klare å samle så mange til inneaktivitetar. Vi satser på å arranger 4-5 slike fotballdager før jul og eit liknande antall utover etterjulsvinteren – så får vi sjå kor det går, seier Michal Heimlund som er styremedlem i Todalen I.L.