Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sorgbinderi på plass – ny vårsesong er like rundt hjørnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. mars 2018

På Hagelend Surnadal har dei nytta vintertida godt. Ei heilt ny avdeling for sorgbinderi er på plass, og dermed også auka satsing på avskårne blomster.  I den stille vintertida har gjengen på Hageland stått på for å få alle ting på plass, med nytt kjølerom og eigen arbeidsbenk for blomsterdekorasjonar.

No er også avtalen med Interflora på plass, og dermed kan folk gå inn via verdensveven og bestille blomsterhelsingar både for den eine og andre anledninga.

Torill og Ida har godt lag med blomster – no har dei avtale med Interflora på plass og kan få bestillingar frå heile verda. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Ida Bochkon og Torill Kvande som «ståkar» på mest med blomsterdekorasjonane, og begge er godt skodd for den jobben. Ida har fagbrev i blomsterdekorasjon, medan Torill og er godt kursa i faget – og begge to har lang erfaring i faget. Ida har vore med på Hageland sidan starten i 2013, medan Torill har drive med blomster ei årrekkje – dei siste åra med blomsterbutikk på Halsanaustan.

Elles sett nok våren sitt preg på butikken på Hageland Surnadal no.  Sjølv om det er full vinter på utsida av butikken, så er påskeliljene på plass og klare for påskefeiring i alle heimar. Dei treng berre litt varme for å kome i full flor.  På plass er også frå og andre såvarer – dersom du skal så blomster og grønsaker for utplanting så er det på tide å ta sats no.

Snømannen på Hageland lever nok eit farleg liv no på vårparten. Foto: Jon Olav Ørsal

Like rundt hjørnet er også resten av vårkolleksjonen, med både hagemøbler og busker, trær og ikkje minst sommarblomster som nok treng meir varme.  Men snart er det vår, og etter påske vil nok våren gjera sitt inntog for fullt på Hageland Surnadal.

 

Publisert: 17. mars 2018, 09:42