Todalen sokneråd ønskjer alle velkomen til songkveld med årsmøte onsdag 26. mars kl 19.30. Da vil Todalskoret og Åsskard kyrkjekor synge frå Den nye norske salmeboka. Etterpå er det årsmøte, og sjølvsagt kyrkjekaffe.
Årsmøtet har vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og i tillegg skal årsmøtet ta stilling til om soknet skal ta i bruk «Den nye norske salmeboka» som no er kome ut, melder todalen sokneråd.