Runa, Mari og Bjørn gjorde susen da Todalen sokneråd inviterte til songkveld i Todalen kyrkje fredag kveld. Det var tidlegare organist Bjørn Vevang som sammen med forsangarane/solistane Runa Svare og Mari Kristine Brekken sørga for stemninga. Vi som var der kjem til å hugse denne songkvelden som ein triveleg og varm allsongkveld med mange gode historier og mykje latter.
Det var ikkje meir høgtideleg enn at det vart sagt at programmet for kvelden lagar vi i lag – og det som skjer det skjer. Vi bruka songboka «Syng med» og da vart det reine ønskekonserten utover kvelden – som starta med «La oss leve» og som var innom «Ave Maria», «Änglamark», «Lys og varme» og mange til før vi avslutta med «Vårsøg» og «O store Gud» og «Deilig er jorden» heilt til slutt. Innimellom kunne vi som har levd ei stund også føle på stemninga frå Erik Byes «Vi går om bord» frå Store Studio da «Anna Lovinda» kom på programmet.
Midt i kvelden var det eit lite avbrekk, der sokneprest Kristin Strand las litt frå innleiinga til «Den gamle mannen og havet» av Ernest Hemingway. Det vart sagt at allsong passar god til den mørke årstida som no er i kjømda – den gir ofte mange fargar i overgangen frå dag til natt og det blir også sagt at songen gir auka empati når vi syng saman.
Vi må iallfall gje mykje skryt for ein triveleg allsongkveld og ein kan ikkje unngå å bli imponert over den fleirstemte songen til Runa og Mari Kristine og briljeringa på pianoet som Bjørn bidro med – takk til dere alle!