Åsskard sokneråd inviterer til songkveld og årsfest på bedehuset Betania i Bøfjorden onsdag kveld kl 19.00. Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor fører an i songen. På korprogrammet står friske kyrkjetonar, spirituals og utdrag frå den gresk-inspirerte samlinga «Visst skal våren komme». Solistar er Øystein Moe og Nora Bøe.
Via lysbilete viser soknerådet si «årsmelding» for 2012 – med glimt av allsidig gudstenesteliv, barn og ungdom, misjon, konsertar, aktive konfirmantar, kyrkjeroing og rikt fellesskap. Allsongen vil sjølvsagt tone. Og servering hører med på ein kyrkjeleg song-festkveld, lovar Åsskard sokneråd. Programmet tek til kl. 19.00. Her kan du laste ned plakaten!