Fredag 30.oktober klokka 19:00 blir det songkveld med organist Bjørn Vevang og solistane Mari Kristine Brækken og Runa Svare i Todalen kyrkje. Prest Kristin Strand vil delta med lesing. Arrangør er Todalen sokneråd.
Det vil bli høve til å kome med songønske under konserten.
Det er fri inngang, men det er høve til å gje ei gåve til kyrkjemusikalsk arbeid ved utgangen.
Todalen sokneråd ønsker alle velkomne og oppfordrar folk til møte opp og bli med å synge!
Soknerådet sin plakat kan du sjå her: Songkveld 30.oktober
Søndag 1.november kl. 14:00 er det Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Soknerådet sin plakat kan du sjå her: Allehelgensgudsteneste