Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Songkveld i kyrkja – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. oktober 2014

Onsdag kveld syng vi salmar og får korsong med litt attåt i Todalskyrkja! seier soknerådsleiar Ildri Øyen. – Både Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor blir med!  Kyrkja har nyleg fått i hus den nye salmeboka, og kora slår eit slag for den – med både nytt og kjent stoff. Dertil syng kora vakker musikk av ulikt slag – m.a. av Handel og Beethoven.

SONGKVELD Tod a

Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor byr på levande kyrkjesong onsdag. Frå venstre Kari Sæther, John Moe, Kirsten Baadnæs Bøe, Nora Vetlseseter Bøe, May-Elisabeth Holten, Einar Husby, Inger Garthe, Øystein Moe, Liv Marit Polden og Randi Vetleseter Bøe.

Organist Bernt Bøe vil pusse støvet av symbol  og halvglømt innhald i både tekster og liturgi. – Somme songar nærmast ropar på iscenesetting, og det vil vi syne på enkle måtar, seier han. – Kanskje kan vi med små grep nytte salmeboka og musikken til å skape levande samlingar i kyrkja?

Siste:  Som forsterking til kora og som solist blir også Sigrid Vetleseter Bøe med på songkvelden. Ho er nemleg heime som snarast frå songstudia i Sverige. Sigrid var forresten klokkar i Todalen i 2006-2008, og ingen har nok imot at «gammelklokkaren» stikk innom …

 – Og soknerådet spanderer kaffe med litt attåt når songprogrammet er slutt, seier Ildri Øyen, som håpar mange finn vegen til Todalen kyrkje onsdag kveld. Plakat Songkveld_Todalen

Først publisert: 28. oktober 2014, 09:39 - Sist oppdatert: 29. oktober 2014, 08:29