Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Song jula inn

Song jula inn

Jon Olav Ørsal Sundag 13. desember 2009

Det var nærare hundre peronar i Todalen kyrkje da Todalskoret med forsterningar frå Julekoret 2009, Åsskard kyrkjekor og Mannskor sørga for god julstemning i Todalskyrkja søndag ettermiddag.
Bernt Bøe er dirigent for alle kora, og når han samla heile styrken på eit golv vart det imponerande bra.
Gjennom det varierte programmet med julsongar fekk vi høre kora både enkeltvis og i fellesskap og med forskjellige solistar. Vi fekk sågar ta del i allsong sjølve på enkelte av numra. Solistane var Sina Kristin Moe, Øystein Moe, Sigrid V. Bøe og Nora V. Bøe.
Gjennom halvannen time kunne vi bare nyte korsongen, og la julstemninga sige innover oss.
nedafor finn du fleire bilete frå konserten. Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. desember 2009, 20:33