Skigruppa har denne veka fulgt langtidsvarslet jevnt, sidan Todalen Idrettslag er oppsett som arrangør av sonerenn søndag den 3. mars. Leiar i skigruppa Jorid Haugen Ansnes varsla på formiddagen i dag om at rennet er avlyst grunna null skiføre, mykje is og vatn over alt. Dette er det tredje rennet i årets sesong så langt som er avlyst. Både Bæverfjord og Søya har også måtte kaste inn handuken grunna lite snø.
Siste gong idrettslaget klarte å arrangere sonerenn i Todalen var 10. mars 2011.
Tidens Krav melder no om at enda eit stort rennarrangement er avlyst: Nordmarksløpet avlyst