Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sonerenn på Nordmarka

Elinor Bolme Tysdag 7. mars 2017

SIL Langrenn inviterer til sonerenn på Nordmarka Skisenter tysdag 14. mars kl. 18.30. Kveldens distanse er fristil. På grunn av at idrettslaget skal arrangere SpareBank1 Cup i slutten av mars, bruker dei dette rennet til å få testa tidtakarutstyret sitt. Det blir derfor tidtaking med brikke. Dei som har eiga brikke, tek med denne. Resten får utdelt lånebrikke saman med startnummeret. 

Distanser:
0-8 år: 500 meter
9-10 år: 1 km
11-12 år: 2 km
13-14 år: 3 km
15 år senior: 5 km

Påmelding fram til kl 17.30 renndagen på sms. 95252333 eller e-post: eivind.sponas@tine.no . Skriv namn på deltakar, fødselsår, klubb og eventuelt brikkenummer i påmeldinga.

Startkontingent på50 kr som klubbane blir fakturert i etterkant. Starten er ved den gamle tidtakarbua. Premieutdeling i klubbhuset når resultatlistene er klare, og open kiosk så klart.

IL Søya arrangerer sitt sonerenn laurdag 18. mars, medan Todalen, ØSIL og Bæverfjord IL ikkje arrangerer.

Publisert: 7. mars 2017, 22:58