Skigruppa i Todalen IL arrangerte sonerenn i klassisk stil ved skulen i går. Godt og vel 40 ungar stilte til start i eit strålande solskinn. Da kan det nemnast at dominansen var utanfrå Todalen denne gongen. Mykje folk som fekk sjå Todalen frå si beste side i dag.
Etter ein hektisk påmeldingsperiode for sekreteriatet, var alt klart til start til rett tid ved målområdet. Ellers var det og høver til å kjøpe ulike forfriskingar i kiosken. Frode Grønmyr var snar ut med å dele ut varm saft til dei dyktige og ivrige deltakarane etter kvart som dei kom i mål.