Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndagstur til fjæra på Bettennesset

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mars 2015

Siste helg var det mange som nytta det fine vårværet til å kome seg ut – enten til fjell, ller for å pusle med eit eller anna i hagen, – eller til å bli med på den organiserte søndagsturen 52/17, slik som vi! Tok nemleg turen til Betna på søndag, nettopp for å delta på søndagsturen til Bettennesset. Kuldegrader om natta hadde lagt ei tynn ishinne på Betnavågen, og den heldt stand utover dagen sjølv om det vart både sol og litt varme utover dagen.

DSC_5598

Leiar i Betna I.L. hadde ein travel dag med svartkjelen. 65 kaffegjestar er ingen spøk! Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Med utgangspunkt frå skistadion gikk turen gjennom bustadfeltet og over åsen til hyttefeltet utafor Bettennesset og vidare etter vegen som går gjennom hyttefeltet. med ein avstikkar ned i fjære til fjæra, der bålpanna var montert sett opp for å koke kaffe til trimmarane som var rundt 65 i talet. Det var Betna idrettslag som var vertskap for søndagsturen denne dagen, og leiar Unni Betten hadde det travelt med svartkjelen for å traktere alle gjestane. men i det fine vêret var det ingen som var utålmodige, og folk såg ut til å trivast i lag ned mot fjæra og Skålvikfjorden som altså hadde fått ei tynn ishinne i løpet av natta.

DSC_5592

Utsikt utover Skålvikfjorden, med Vågland til høgre og Tustnafjella i bakgrunnen. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt gikk turløypa gjennom Betten-nesset hyttefelt. Dette hyttefeltet er regulert til 55 hyttetomter og med småbåthamn integrert i planane. I fjorsommar vart dei 4 første hyttene bygd, og i år er alt no dei to neste i startgropa og ventar på våren, fortel Jens Betten som er ein av initiativtakarane til hyttefeltet. Han fortel at det har vore stor interesse for hyttetomtene i feltet som ligg ut mot Skålvikfjorden og solvendt frå føremiddagen og til langt på kveld.

Trimboka_5613

I 2014 samla trimposten på bettennesset 4000 trimmarar – her er 3 av årets: frå v. Heidrun Holsetstuen, Gunnbjørg Klevset og Dordi Oterholm. Foto: Jon Olav Ørsal

I kanten av hyttefeltet har Betna Idrettslag plassert ein trimpost. Den understrekar at dette er eit populært turområde, for i løpet av fjoråret vart det registrert over 4.000 trimmarar i boka og alt no ligg det an til at denne rekorden står for fall.

Nedafor har vi eit bildegalleri frå turen til Bettennesset.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 16. mars 2015, 19:16 - Sist oppdatert: 17. mars 2015, 22:01