Er du interessert i traktorar, store motorar og litt dieselrøyk – da er det plassen framfor Stornaustet på halsanaustan som er plassen, og det skjer førstkomande søndag frå 11-17. I fjor vart det arrangert taktorpulling på Halsa for første gong, og arrangementet samla rundt 1200 skuelystne den gongen…
Det er Trøndelag traktorpullingklubb som står attafor som teknisk arrangør for oppvisninga/konkurransen som også får lokale deltakarar fra Halsa og Surnadal. I samband med arrangementet er det gokartkjøring TraktorPub på laurdag – det finn du meir opplysningar om på nettstaden til Stornaustet…