Søndag mellom kl 12 og 16 inviterer Todalen Bondelag til open gard i Viastua, med Ola Kvendset og familie som verstskap. ”Open Gard” er landbruket sitt årlege familiearrangement, og bondelagets viktigaste døropnar mellom landbruket og resten av befolkninga. Denne dagen opnar Ola døra til det nye lausdriftfjøset, og her vil du nok få sjå at roboten sørgjer for mjølkinga og fôring, og at kyrne står i kø for å bli mjølka.
Blant dei dyra du får sjå i Viastua er stormjølkaren ”Kosa” som er 10 år, og har fikk no i juli den 9. kalven. I løpet av desse åra har ho produsert til saman 80.000 liter mjølk. Det blir i gjennomsnitt 10.000 liter pr år, og litt av ein prestasjon. Det blir rundt 50.000 mjølkeglas som du kan nyte til frukosten din. ”Gjennomsnittskua” produserer i dag rundt 7.150 liter pr år, og føder i dag 3 kalvar før ho blir pensjonert.
Her vil det også bli salg av rømmegraut og anna kortreist tradisjonell gardsmat som rømmegraut og heimbaka lefser. I tillegg blir mykje å sjå og oppleve i Viastua søndag!