Bra oppmøte til søndagens gudsteneste i Todalen kyrkja, med vikarprest Torbjørn Brøske på talarstolen og Bernt Bøe som vikar på orgelkrakken. Som vanleg var det bra salmesong i kyrkja, og gudstenesta starta egentleg med at Torbfjørn brifa menigheita litt om salmesongen.
Tema for prekena var henta frå Lukasevangeliet, og omhandla appostlanes gjerningar med spesiell fokus på Paulus og dagens bud frå Johannesevangeliet. Degens bud var at vi skal elska kvarandre. – Kunskapsrik som han er, så fikk Torbjørn formidla dette på ein framifrå måte som folk forstod.
Dagens takkoffer gikk til kyrkjelydsarbeidet i Todalen sokn. – Soknerådet minner om at du no kan gje kollekt på Vippsnr 506 908 dersom du ønskjer. Dagens kunngjeringar minna om neste gudsteneste som er 11. mai kl 11. Det er årets konfirmasjonsgudsteneste for Todalen sokn. Elles er det ogs gudsteneste i Todalen på 17. mai – den arrangerast kl 14:00. Men aller først er det dugnad på kyrkjegarden den 2. mai kl 18:00. Etter gudstenesta vart det servert kyrkjekaff til alle som ønska.