Søndag 3. mai er det konfirmasjonsgudsteneste med sokneprest Bernt Venås i Todalen kyrkje. Gudstenesta starta kl 11.00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Det er i år 5 ungdommar som skal konfirmerast i Todalen kyrkja denne dagen:
Dei fem konfirmantane er:
Ola Bolme
Eirik Telstad Hanssen
Oda Kårvatn
Jens Olav Moe
Emma Sæther
Torsdagskveld var dei i kykja for offisiell fotografering med fotograf Nathan Lediard. Han fekk litt alvorlege ungdommar til å løsne og dra på smilebanda etter kvart.

Ikkje overlatt til tilfeldigheitene kven som står kvar. Etter ordinære bilder med og utan kapper vart det også teke litt meir livlege bilder. Desse får vi nok sjå på Fotograf Lediard si facebookside etter kvart.

Før fotograferinga var det gjennomgang av morgondagens program med konfirmantar og prest Bernt Venås.