Søndag 30. august er det tillyst friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Soknerådet presiserer at den startar kl 12:00 og at det er bestemt at den blir arrangert ute. Det kan skje at det blir nokre regndråpar under arrangementet, så difor oppfordrar soknerådsleiar Kristian Gjeldnes til å ta på gode sko og varme klede.
Han fortel at det har vore annonsert tidspunktet litt feil i starten, men det er altså søndag kl 12.00 som gjeld. Han oppfordrar også til å ta med termos med noko varmt og kanskje noko å bita i, slik at det blir kyrkjekaffe etter godstenesta.