Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: «Julehøgtid» i kyrkja

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. desember 2014

– Kom og syng julesongar med orkester! oppfordrar Åsskard Kyrkjekor og Todalskoret. Søndag blir det «Julehøgtid» med korsong, solistar og allsong – med kammerorkester – i Åsskard og Todalen kyrkjer. I Åsskard kyrkje er det konsert søndag kl 16.00 – i Todalen kyrkje kl 20.00.

Julehøgtid c Astrid og Sigrid

Astrid Hyldbakk og Sigrid Vetleseter Bøe blir med.

Orkesteret (fløyte, obo, strykarar og orgel) gir tonefølgje til kjente og kjære julesongar, til solist Sigrid Vetleseter Bøe og til kora. Sigrid og songvenninna Astrid Hyldbakk stiller også som koristar denne gongen.

Julehøgtid d Marthe Trond H

Marthe Belsvik Stavrum (fløyte) og Trond Harald Saltnes (fiolin) er sentrale i orkesteret – saman med Ebba Ringmar (obo), Odd Sonntag (bratsj), Marit Aspås (cello) og Tor Strand (orgel).

Attåt skattane frå salmeboka byr programmet på høgtidshymner, litt klassisk og nordmørsk julemusikk. «Julekveld» av Stangvik-prest Karl Jacobsen og «Julesong på Grini» av Knut Kallset og Olav Grytli har begge «jubileum» i år – sistnemnte vart til i fangeleiren Grini jula 1944.

Orkesteret urframfører «Juletonar frå Nordmøre» – ein liten suite over sju vakre folkemelodiar frå Ålvundeid, Todalen, Rindalen, Gjemnes og Tustna. Julemusikken har mykje å by på. Det varierte programmet siktar på å berike alle som finn vegen til Åsskard og Todalen kyrkjer.

Julehøgtid PLAKAT Konsertar 21.12.14

 

Først publisert: 16. desember 2014, 01:10 - Sist oppdatert: 18. desember 2014, 20:56