Kommuneoverlegen har så langt ikkje fått påvist fleire nye smittetilfelle i dag. Dette er status pr. 17:50 søndag kveld.
Kommuneleiinga vil komme med ei pressemelding etter eit statusmøte i morgon, måndag. Det blir da teke stilling til kor raskt vi kan opne opp att stengde avdelingar/trinn. Eventuelle fleire nye påviste smittetilfelle vil bli inkludert i denne pressemeldinga. Smittesporingsarbeidet pågår framleis med nokre få lause trådar, står det i pressemeldinga.