Søndag 8. august arrangerer Todalen sokneråd friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Gudstenesta startar kl 11.00 og det er Vidar Rygh som er liturg, og organist er Ronny Kjøsen. Dersom det blir dårleg vêr blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje. Det blir i så fall kunngjørt på Todalen.no.
Det blir takkoffer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffe blir servert, men ta med niste sjølv – dette på grunn av smittevernet pga Covid 19. >Soknerådet ønskjer alle vel møtt til friluftsgudsteneste!