Det er TILs Ski og friidrettsgruppe som slår på stortromma med stor og allsidig aktivitetsdag. Dei byr på skiaktivitetar for borna, der det blir «Barn i løypa», og elles frileik og ikkje minst utdeling av medaljer for aktivitetar i 2016. Elles blir det både pølsegrilling, og nystekte bakels til kaffen.
Ski- og friidrettsgruppa avsluttar loddsalet og sørger for ei spennande trekkjing. Og sjølvsagt blir det ein stor dose med sosialtsamvær i dei flotte annlegget som no er i full drift. Kom om bli med, oppfordrar Ski- og friidretssgruppa som altså er verskap. Nedafor kan du lese om aktivitetane som står på plakaten….