Søndag 21. oktober er det klart for ein ny, stor nasjonal dugnad – TV-aksjonen «Mindre alene sammen», som samlar inn pengar til Kirkens Bymisjon og deira store satsing som er ein dugnad for fellesskapet. For dei som manglar ei seng å sove i og som kanskje står utafor både arbeidslivet og familielivet og det sosiale fellesskap som for dei fleste av oss er ein selvfølge.
Det er altså Kirkens Bymisjon som blir tilgodesett i innsamlingsaksjonen denne gongen, og slagordet for aksjonen er «Mindre alene sammen» og intensjonen er altså at alle skal få moglegheit til å ta del i eit inkluderande fellesskap. I løpet av eit par ettermiddagstimar skal vi gjennom ein gigantisk dugnad få inn ein plass mellom 200 og 300 millionar som skal gå til eit «varmare Noreg», for i år skal pengane brukast innanlands.
På landsbasis trengs det over 100 000 bøsseberarar og 7000 frivillige til å organisere. I Surnadal er plana klar for innsamlingsaksjonen, og over 80 bøsseberarar er alt kontakta, og er klare for å dra ut eit par ettermiddagstimar denne søndagen. – Dersom det er nokon som har lyst til å bli med å gå med innsamlingsbøsse eller gå saman med nokon så er det berre å ta kontakt med sørviskontoret i kommunen, seier Anne Lise Wullum som er koordinator for aksjonen.
Surnadal Sparebank skal være lokal oppteljingssentral og samlingsplass for bøsseberarane etter dei er ferdige med innsamlinga. Her vi Surnadal kommune sørge for litt servering til bøsseberarane og ordførar Lilly Gunn Nyheim røpar at Surnadal kommune på det næraste er klare med 10-000 kroner til aksjonen. Ho understrekar at alle som bidreg til denne aksjonen gjer dette gratis som deltakarar i den nasjonale dugnaden. Ho oppfordrar også bedriftene i kommunen til å bidra med støtte til innsamlingsaksjonen, for dette er noko som angår oss alle.
Lilly gunn oppfordrar alle til å ta vel i mot bøsseberarane, og dersom du ikkje er heime så vil dei feste ein lapp på døra di med info om andre måtar i bidra på – for eksempel via Vipps!