Tysdag ettermiddag samla ein turkomite med Elinor Bolme i spissen eit tredvetals tilsette frå Amfi Drift og Amfi Kreativ i Olav Thon Gruppen til fellestur til Toåa Tursti.
Det var oppmøte ved kyrkja presis kl. 16.22, og dei starta spaserturen ned mot den nye gapahuken i Båthølen. I Båthølen venta det servering til svoltne Amfi tilsette, før dei tok runden nedover den flotte traseen på turstien kor deira konsern har bidrege med midlar til realisering gjennom Olav Thon Stiftelsen.
Veret spelte verkeleg på lag, og den intense varmen dei siste dagane hadde teke ein kort pause. Deltakerne fekk oppleve den nye turstien i lettere overskya og litt vind. Det viste seg å vere populært med eit lavterskel arrangement som dette, som var opent også for ektefeller og born. Turen er tilrettelagt for både sykkel og trillevogn.
Tilbake i Båthølen igjen venta det kaffe laga på bålpanne, og Elinor hadde forberedt godsaker til kaffen.
Det er nok ikkje siste gongen at Amfi gjengen besøker Toåa Tursti, folk kosa seg i lag denne ettermiddagen i Todalen.