I morgon er det den 1. juni, og dermed første sommardag. Også i år vil Frivilligsentralen i Surnadal invitere barn og unge til ulike sommeraktivitetar. Nedanfor finn du ein oversikt over planlagte aktivitetar og lenker for påmelding og meir informasjon:
Onsdag 28. juni:
Blir det besøk på Angråmyra skytebane, der Surnadal skytterlag stiller med instruktørar, slik at ein får prøve å skyte med salongrifle. Skyting er kjempeartig både for store og små, og det blir sjølvsagt ein uhøgtidleg konkurranse med premiering. Aldersgruppe 10 – 18 år.
«Påmelding og meir informasjon»
Onsdag 29. juni:
Ungdomsklubben blir open frå klokka 11:00 – 15:00. Aldersgruppe 10 – 18 år.
«Påmelding og meir informasjon»
Torsdag 30. juni:
Blir det tur til Rush Trampolinepark i Trondheim! Aldersgruppe 10 – 18 år.
«Påmelding og meir informasjon»
Det blir sett opp buss til Trondheim og Angråmyra.
Alle aktiviteter er gratis.
Frivilligsentralen nyttar samtidig høvet til å takke Sparebank1 SMN for midlane dei har fått. !
Sommeraktivitetar for barn og unge:
Dato | Kl. | Tittel | |
---|---|---|---|
Tir 28.06 | 10:00 | Tur til Angråmyra skytebane | Angråmyra skytebane |
Ons 29.06 | 11:00 | Open ungdomsklubb | Surnadal ungdomsklubb |
Tor 30.06 | 08:30 | Tur til Rush Trampolinepark |