Det fine sommarvêret vi har hatt dei to siste dagane ser ut til å halde fram til over neste helg. I dag har temperaturen vore heilt opp mot trettitalet i skuggen, og på langtidsvarselt til YR.NO ser det ut til å bli fleire slike dagar utover veka.
Etter vêrmeldinga vil dagtemperaturane variere litt, men vil halde seg over 20-talet helt fram til neste tysdag og kanskje lenger. Det går vel etter kvart an å snakke om rekordsommar til Nordmøre å være.
I ettermiddag er det 2,5 m3/sek ved målestasjonen oppå Storfossen. Det gjer nok at elva er betre egna for bading enn for laksefiske, og det er nok badelivet som vil dominere komande veke, både i elva og i sjøen.