Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarsongkveld med høg trivselsfaktor

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juni 2024

13P17-koret trekte fullt hus til sommarsongkveld i Todalen ungdomshus.  Koret brukar å samlast til ein songkveld når dei har sesongavslutning, og onsdag kveld inviterte koret todalingane på sommarsongfest – og todalingan kom og jammen vart det ein triveleg kveld med mykje song og musikk.  Her var det både korsong og allsong med melodiminner og utdrag frå kabaretar som koret har jobba med tidlegare. Dirigent Bernt Bøe hadde henta fram at både «Seterkabareten» og kabareten «Med segl og Wickmann» og presenterte eit utdrag i kveld.  Vidare var det både song, kaffelag og utlodding. 

Fullt hus – sommarsongkvelden samla ein fullsett storsal i Ungdomshuset. Foto Jon Olav Ørsal

Kvelden starta med «Menuett i mai» og fortsatte med «Edelweiss » og ein quodlibet med «Rock my soul» og «He’s got the whole world». Desse gjekk som allsong, før koret fortsatte med Nordlandsnetter, Hvite måke, Man borde inte sova og The Joy og Love. Deretter var det ei avdeling med allsong igjen – med «I natt eg drøymde» som har vorte dertil aktuell igjen – og til slutt i denne avdelinga eit artig potpurri. 

Korets «mannskoravdeling» frå frå «Segl og Wickmann» Foto Jon Olav Ørsal

I fortsettinga hadde koret ein sekvens med innslag frå seterkabareten. Det nærmar seg no 30 år sia den var sett opp etter Bernt hadde jobba med seterbøker både i Åsskard og i Todalen.  Artig at den var teken fram i gjen og pussa støvet av.  Borghild Talgø og Øystein Moe var solistar i sekvensen om bytarhelg og besøk på setra.   Etter kvart så nærma det seg kaffepause, og i staden for bordverset vart det «Grautmarsj frå Todalen».

Innslag frå seterkabareten, der Borghild Talgø og Øystein Moe var solistar. Foto Jon Olav Ørsal

Etter litt trektering med kaffe og gode kaker vart det utloddning – denne gongen var det premiere for dei nye årene som dermet vart tekne i bruk.  Første programpost etter kaffepausen var eit operainnslag, med ein arie frå ein opera som Georg F. Händel hadde skrevet.  I fortsettelsen var det ei ny avdeling med allsong med ønskekonsert, før koret henta fra deler av kabareten «Med segl og Wickmann».  Det var på mange måtar slik at ein følte at ein var til stades i Ilabukta på Bølandet og var med og rigga seglskuta som skal ut på langfart. 

Solo – Turid Røen Kroknes song ein arie frå ein opera etter G.F. Händel. Foto Jon Olav Ørsal

Det var god balanse mellom dei to kabaretane – seterkabareten hadde handling frå fjellet og seterdalane i Todalen, medan fjordakabareten «Med segl og Wickmann» var litt meir ramsalt og hadde handling frå sjøfartsmiljøet i Bøfjorden.  På tampen var det avslutta med «Vänskap» som korsong, og Song til Todalen som allsong.   Bernt Bøe fikk velfortjent applaus for kveldens program og Kjell Gunnar Polden ga uttrykk for at han var inponert over det som dirigent Bernt Bøe hadde laga – Han hadde med ein blomster som vart kona Randi til del – han meinte at ho sikkert  hadde venta mykje på «sandfraktaren».

Bernt Bøe fikk skryt av Kjell Gunnar Polden for sitt kulturarbeid, medan Randi Bøe fikk blomster for venting på «sandfraktaren». Foto Jon Olav Ørsal

Takk for ein fin kulturkveld og for god og underhaldande sommarsongkveld med høg trivselsfaktor!

Dirigent for P17-koret Bernt Bøe var krumtappen i heile arrangementet. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

Først publisert: 13. juni 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 12. juni 2024, 22:54