På Todalen Brygge og Pakkhuset Kro er no sommarsesongen på hell, og det blir etter kvart tidlegare mørkt om kveldane. Vanlegvis er denne «kantsesongen» mellom sommar og vinter tida mellom vinter og sommar litt dautid for oss som driv med turisme, fortel Synnøve helland ved Todalen brygge. Det jhar ho tenkt å gjera noko med, og i helga var det «premiere» for opplegget.
No skal vi prøve oss litt i konferasjemarkedet, fortel Synnøve, som presiserer at dette er småskala-satsing. I helga har vi hatt 12 finansfolk her på konferasneopphald, og det har kosa seg heile helga med både ute og inneaktivitetar. Konsferansen har foregått både innendørs og utendørs – gruppearbeidet har delvis gått føre seg i avslappa miljø ute på kaia. På fritida har heile gjengen vore ute og prøvd seg på torsken og seien i Todalsfjorden, medan nokre har vore på ein liten topptur opp mot Vassnebba. laurdag kveld var det lokale underhaldningskrefter som sørga for litt Todalskultur – New Jobu Svingers med Jon og Gudmund Husby sørga for at det vart litt musikalsk forbrødring i tillegg til all den friske lufta.
Og vertinna sjølv, Synnøve Helland – og Helen Saksen har sørga for at det har vore rikeleg tilgang på mat under opphaldet. Sjølvsagt er hovudingrediensen i kosthaldet basert på sjømat i slike omgivelser og faktisk er det muleg for den som er litt iherdig til å både sørge både for råvarene og kokkeleeringa til dagens middag på Pakkhuset Kro, seier Synnøve Helland som bobla av idear i denne samanhengen.