Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sommarope» bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. juli 2023

Laurdag 22. juli, mellom klokka 11:00 – 13:00,  inviterer Lia gard til «sommarope»  bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer. 

På laurdag kan du få kjøpt:

– Nystekte sjokoladecookies
– Ferske donuts med heimelaga vaniljekrem og melis- eller sjokoladeglassur
– Ferske smultringar
– Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem
– Ferske kanelsnurrar
– Ferske grovbrød
– Nystekte havrekjeks
– Frosne tjukklefser
– Frosne tynnlefser (potetlefser)
– Frosne konfektkaker, Sarah bernard (18 cm.)
– Frosne fyrstekaker (18 cm.)
– Frosne suksessterter (18 cm.)
– Frosne rabarbrakaker (18 cm.)
 
Førehandsbestilling innan onsdag 19. juli klokka 18:00 på telefon: 415 71 278.
 
Hos Lia gard kan du også bestille bakst til alle typer selskap. 
 
– Suksessterte opptil 28 cm.
– Pavlovabunner 26 cm. 
– Kvæfjordkake 22 cm.
 
Det er også mogleg å førehandsbestille ferske bakevarer til arbeidsplassen!
 
Adresse: Lykkjeeidet 835, 6640 Kvanne
 
 

Medlem i Todalen.no –


 
Publisert: 18. juli 2023, 06:44