Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarlotteriet held fram og kampoppsettet er klart

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. juli 2025

Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt Sommarlotteri held fram med førehandssal på Matkroken Todalen onsdag 2. juli klokka 10:00 – 12:00 og fredag 4. juli klokka 10:00 – 12:00. Elles er det mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926 heilt fram til midnatt fredag 4. juli. Trekninga er klokka 14:00 under Todalsdagen på Bordholmen stadion. 

I same slengen kan vi nemne at kampoppsettet for TodalsCupen 2025 no er klart. Dei første kampane tek til klokka 10:45 og heile cupen er ferdig til rundt klokka 15:00. Miniræta og «Ræta Opp!» har start klokka 12:00. 

Kampoppsettet ser ein på Kampoppsett TodalsCupen 2025

Elles vil det, som vanleg, vere sal av grillmat som hamburger, grillspyd, vårrullar, Thaitallerken og kioskvarer under Todalsdagen. Så da er det mogleg å ta både middagen og ettermiddagskaffen på Bordholmen på laurdag!

Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen til ein ny Todalsdag!

Først publisert: 2. juli 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 1. juli 2025, 21:04