Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sommarles» for niande gong

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. juni 2024
Også i år arrangerer Surnadal bibliotek «sommarles» Tal frå tidlegare år viser at kampanjen aktiviserer kring 1/3 av barn og unge i Surnadal kvar sommar, så dette er altså definitivt ein av dei aller mest populære sommaraktivitetane i kommunen.
 

På biblioteket er det ikkje berre bøker, men også mange spel. Foto: B G Ansnes

 
Dei som kan vere med er elevar som går i 1.–7. klasse no, samt dei som skal begynne på skulen til hausten. 
 
I fjor var det 183 som var registrert i «sommarles», og dei reistrerte at dei las tilsaman 2808 bøker i løpet av kampanjeperioden, som var 1. juni til 31. august.
 

Også i år er kampanjeperioden for «sommarles» 1. juni til 31. august. – Denne lesekampanjen fører ikkje berre til fantasifulle lesaropplevingar, men er også særs nyttig for skulane: unge elevar som ikkje «trimmar» leseferdigheitane sine i sommarferien, vil bruke veker på å kome tilbake på nivået dei var da dei tok sommarferie, seier biblioteksjef Gunhild Täringskog ved Surnadal bibliotek

I «sommarles» er det sjølvsagt premiering, og ein finn mykje anna spennande på kampanjen si heimeside sommarles.no

Da vi var innom biblioteket var det elevar og lærarar frå Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter som hadde teke turen innom for å få informasjon om «sommarles»

 
 
Publisert: 4. juni 2024, 10:43