Det blir sommarleirar i regi av kyrkja òg i sommar. Årets sommarleirar blir i Oppistu Torvik og på Vaulen på Nordmarka. Det blir 2 overnattingsleirar for deg som er ferdig med 2.-4.årstrinn i Oppistu Torvik og ein overnattingsleir for deg som er ferdig med 5.-7.årstrinn på Vaulen på Nordmarka.
LEIRANE FOR 2.- 4.ÅRSTRINN:
Leirane for 2.-4.årstrinn blir måndag 26.juli – onsdag 28. juli og fredag 30.juli – søndag 1. august.
På desse leirane skal vi vere mykje ute i marka/fjellet på turar med niste og ulike gruppeoppgåver.
Det blir og aktivitetar ved sjøen med båt/kano, bading og fisking. Ein av dagane blir det riding.
I bibeltimane skal de snakke om at Gud er glad i oss alle, og han vil at vi skal ha det bra. det blir teke utgangspunkt i ulike bibelforteljingar og mange gode og friske songar.
LEIR FOR 5.- 7.ÅRSTRINN:
Måndag 2.august – onsdag 4.august.
Leiren blir sommarens beste oppleving for deg som gjerne vil vere med og lage aktivitetar og spenning.
Vaulen har Krokvatnet og fine områder i marka. Her kan ein ha Vaulenturnering med premiering av beste gruppe siste dagen.
Det blir Bibeltimar som tek utgangspunkt i historier i bibelen og samtalar omkring desse.
Kveldskos kring bålpanna i gapahuken.
Overnatting i lavvo, hengekøye eller seng i huset.
Mange ungdomar blir med som leiarar. Kanskje greier ein å til band i år òg, slik som i fjor.
Her finn du meir informasjon om «Oppistua Torvik» og her finn du meir informasjon om «Vaulen»
Leirane vert tilpassa covid-19 reglane som gjeld. Om leiren vert avlyst på grunn av covid-19, vert deltakaravgifta refundert.
Påmelding på kyrkja si heimeside «surnadal.kirken.no» Begrensa gruppestorleik denne gongen.
Frist for påmelding er 21. juni 2021. Pris pr. leir kr. 800,-. Søskenmoderasjon kr. 100,- pr. søsken. Skriv gjerne i kommentarfeltet om det er fleire søsken påmeldt. Informasjon om betaling og andre praktiske ting du har kjem på e-post etter påmelding.
Har du spørsmål, ta kontakt med Elsa Jensvold, tlf.: 99518162 eller elsa.jensvold@surnadal.kyrkja.no
Plakaten for leirane finn du her: «Info om leirane»