Treeiningssøndagens gudsteneste i Todalen kyrkje var prega av lys og varme. Omtrent like mange var til stades i kyrkja som det var varmegrader. Det vil seie i underkant av tretti. Denne søndagen avsluttar første halvdel av kyrkjeåret, og markerer starten på halvdelen uten store kyrkjelege høgtider.
Prost Vidar Rygh tala om at treeininga kan vera litt ullen og ubegripeleg for mange. Men menneskets fatteevne er begrensa. Gud har tre anlet, roller, eller skikkelsar. Dette kan lett sprenge alle våre forestillingar om kven Gud er.
Bernt Bøe leda kyrkjelyden gjennom mange flotte salmer, og som vanleg var det god trøkk i mannskapet. Ei fin avslutning på ei godværshelg der det har foregått utruleg mykje i kommunen.
Takk til Kjell Gunnar Polden for rapporten og bilete frå kveldens gudsteneste i kyrkja