Kjekt å tjene seg nokre kroner for å spe på feriepengane, tykte Steinar og Frikk som har fått seg sommarjobb i parkanlegget ved Gammelfabrikken. Dei to kompisane var i full jobb med å førebu planting av rododendron i området mellom gammelfabrikken og dammen oppe i skråninga ovafor.
Eit trettital rodensdron skal plantast ut, og jobben gikk ut på å frakte plantejord ut i området og å grave hol for så å plante rododendronbusker – som etterkvart skal pynte opp i området.
Elles venta dei sjølvsagt på at det skal bli litt betre badetemperatur. Bruset frå Storfossen like ved minte oss på at det framleis er stor vassføring i Toåa, sjølv om den no er komen ned på 15 m3/sek frå rundt 60 m3/sek i helga. Men det trengs nok nokre dagar med finvêr før det blir komfortabel badetemperatur.