Surnadal kommune lyser ut sommarjobbar for ungdom i Helse- og omsorgstenesta. Ungdommar registrert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga. Surnadal kommune ønsker å gje ungdommane innsikt i arbeidet i pleie- og omsorgstenestene i kommunen, og tilbodet er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Den som får tilbod gjennom ordninga, får arbeid i to veker kvar, og må kunne arbeide desse to vekene samanhengande.
I år er det ungdomar fødd i 2005 og 2006 som er i målgruppa for å søke om sommararbeid gjennom ordninga.
Om du allereie har fylt 17 år, kan du også søke på ordinær ferievikarutlysing ved sjukeheimen. Denne utlysinga ligg på kommunen si heimeside.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere å delta i arbeidet med dei oppgåver som skal utførast, både overfor brukarane og i kvardagen kring tenestetilbodet i vid forstand, som til dømes:
- miljøtiltak for bebuarar ved sjukeheimen og for brukarar av dagsenter for eldre
- oppgåver på kjøkkenet og ved vaskeriet
- reinhald og rydding
- vedlikehald av grøntanlegg
- måling/beising
Tilsettingsvilkår
- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- Tilfredsstillande politiattest må leggast fram (ikkje eldre enn 3 månader) for arbeid i i pleie- og omsorgstenestene
Dersom det er veker i sommar du ikkje kan arbeide, må du hugse å skrive det i søknaden din. Da vil vi lettare kunne planlegge sommararbeidet betre.
Søknad (søknadsbrev og CV) sender du på epost til: jenny.nordhiem@surnadal.kommune.no
Meir informasjon om ordninga finn du her: «Sommarjobb for ungdom 2022 i Helse- og omsorgstenestene»