Komande tysdag, 25. juli, inviterer Todalshytta til balldag. Tysdag har du altså sjansen til å teste ut ein nordmørsk tradisjonsrett på Todalshytta. Da er det nemleg klart for sommarens store balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 19.
Kokken fortel at no er norske nypoteter kome så langt at dei er klare for «ballproduksjon» og når det gjelder saltkjøttbiten så er lammekjøttet salta og klart. Ein bit med salta lammekjøtt er nemleg tilbhør til potetballen, medan tilbbehøret til sildballen er stekt bacon. Som vanleg på Todalshytta så kan du velge fritt om du vil ha potetball eller sildball på denne balldagen. Bestill gjerne på SMS 92 99 75 50
Arve minner også om den ordinære restaurantmenyen som tilbys på «Kammerpike Ediths speiseri» – restauranten er open onsdag til søndag, med opningstid frå 14 til 20.