Lørdag 22. august er det igjen klart for Søyacupen, og dei inviterer i desse dagar alle klubbar i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets samt mange klubber i Sør-Trøndelag og Trondheimsområdet.
Som vanlig er målsetting å fylle opp cupen med maksimalt antall lag, dvs. ca 60 lag med jenter og gutter i alderen 7 – 12 år, skriv dei på si heimeside.
Her kan du laste ned invitasjonen, der du finn svar på det meste: Søyacupen_Invitasjon_2015.pdf
Ellers kan du gå inn på IL Søya si heimeside for enda meir informasjon.
Førstkommande helg er det Surnadal IL som er cuparrangør. i år er det første gong fotballgruppa der arrangerer eigen fotball-cup for jentelag, med namnet Dråkong Cup. Dei er utruleg fornøgde med at nesten 200 fortballjenter har meldt seg på Dråkong Cup og møter til sportsleg dyst på Syltøran laurdag.

Oddrun, Hannah, Aurora og Emma frå J11 saman med sponsorsjef Marit Elin Eid hos Amfi Drift AS. Foto: Anne Lise With Wullum.
For å markera premieren på Dråkong Cup gjer dei litt ekstra stas på jentene ved å dele ut T-skjorter til alle. Dei har og fått fotballar til å dele ut frå Intersport på AMFI Surnadal.
Dagen etter Dråkong Cup er det tradisjonell SILregn-Cup med 230 påmeldte jenter/gutar. Begge dagane vil det vere sal av lokalprodusert fiskeburger og bacalao frå Norsk Kvalitetsmat, samt frukt og kiosk-varer.
For kampoppsett laurdag og søndag, sjå heimesidene til Surnadal IL
Vår eigen cup som foregår Todalsdagen 27.juni har vi desverre ikkje så mykje info om enda.