I Hageland Surnadal er det travle dager, og no er sommarblomstrande på veg inn, fortel Ingeborg Langan Børset som er butikksjef i hagesentret. Det er nok enno litt tidleg å plante ut enkelte typar sommarblomster, men stemor og fiolar tåler faktisk litt kulde, seier ho. Det nye hagesentret er ope kvar dag, også 1. mai og 9. mai, som er raude dagar på kalenderen. Da er det opningstida for søndagar som gjelder, altså frå kl 12-17.
Planlegging er også ein viktig del av hagearbeidet, så det lønner seg å skaffe seg oversikt og informasjon om både planter, gjødsel, jord og hageutstyr før ein startar. På Hageland kan du gjera planlegginga i ro og freda, og kanskje kombinere det med ein kaffepause i den nye og fine kaffekroken vår når du er på handel, seier Børset til slutt.