Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommaravslutning ved Todalen Oppvekstsenter 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. juni 2020

Som så mykje anna denne våren, blir og sommaravslutninga ved Todalen Oppvekstsenter påverka av Koronasituasjonen. Det er frå skuleleiinga i kommunen, i samråd med kommunelegen, er det sett eit makstak på 50 personar for skuleavslutningar i år. Dette gjer at FAU ved Todalen Oppvekstsenter i samaråd med dei tilsette vil arrangere sommaravslutning for 5. – 7.trinn. Arrangementet vil bli for elevane på trinna med foreldre. Sommaravslutninga blir torsdag den 18.juni kl. 18 – 20. På grunn av den spesielle situasjonen vil det i år bli påmelding til arrangementet, slik at vi har kontroll på deltakartalet. Meir informasjon om dette og korleis ein skal melde seg på blir sendt ut av skulen.

Det vil bli servert pizza, is og kaffe. Alle tek med eigen drikke til maten! Vi håper på finver slik at det blir mogleg å sitte ute, men vi har gymsalen som backup! For å overhalde 1-metersregelen vil det i år bli slik at kvar familie sit ved eigne bord. Dette etter råd frå kommunelegen.

Vi håper å få til eit flott arrangement til tross for dei restriksjonane vi er pålagde å følgje.

For 1. – 4.trinn og barnehagen vil det bli ei eiga sommaravslutning på skulen og i barnehagen siste skuledag, den 19.juni i skuletida.     

Vi er sjølvsagt lei oss for at vi i år ikkje kan invitere alle til ei tradisjonell sommaravslutning, men reglane må vi berre rette oss etter og vere lojale ovanfor. Så får vi heller håpe på at situasjonen endrar seg til det betre slik at vi igjen kan invitere til tradisjonelle jule- og sommaravslutningar.

FAU Todalen Oppvekstsenter

Publisert: 11. juni 2020, 06:16