I barnehagen var det i går ei lita markering på at sommarferien snart er komen, og at heile seks ungar no sluttar, for å bli skuleungar. Foreldra til dei som no sluttar hadde med litt kaffebrød og barnehagen ordna med nystekte bakels, saft og kaffe. Veret held seg berre slik passe, så selskapet flytta innomhus etterkvart.
6-åringane takka for seg med ei lita avskjedsgave til barnehagen for fine opplevelsesrike og verdigfulle år saman med både ungar og ikkje minst dei tilsette.