Vaksenopplæringa i Surnadal driv mellom anna med språkopplæring og integrering i vinterhalvåret. Sommars tid er det delvis ferietid med typiske sommar aktivitetar og i dag var det tur til Todalen, med innlagt besøk hos ein av dei største arbeidsgjevarane i kommunen, Talgø MøreTre på føremiddagen. Dei fleste av ungdomane som deltok var frå Syria og Afghanistan, og har altså i vinter delteke i skulegang ved vaksenopplæringa i Surnadal.
Etter besøket på Talgø gikk turen vidare til besøk til Håvard Halset i Nestua På Halset. Han jobbar på Vaksenopplæringa i Surnadal , og hadde invitert heile gjengen hei til garden. Der vart det traktering med nystekte bakels og kaffe, og opplegg med natursti-konkurranse med både teoretiske og praktiske oppgåver for dei rundt 40 deltakarane på turen. Elles var det iallfall populært å prøvekjøre 6-hjulingen som Håvard hadde ståande i tunet. Før dei drog heim igjen, vart det ein kjapp busstur til Kårvatn for å gjera seg litt kjent i Todalen.